Erklæring frå EU-formannskapet om drapet på ein fredsaktivist i Somalia (18.07.05)

Saman med andre fordømmer Den europeiske unionen eintydig det brutale mordet på den respekterte somaliske freds- og forsoningsaktivisten Abdulkadir Yahya Ali morgonen den 10. juli. Med denne handlinga har Somalia mist eit menneske som arbeidde utrøytteleg for å fremje freden og få i stand eit betre styre i landet. Den europeiske unionen kondolerer familien og venene til Yahya.

Den europeiske unionen er djupt uroa for at denne og samanfallande valdshandlingar skal føre til ytterlegare spenningar i fredsprosessen. Den europeiske unionen gjev på ny uttrykk for si udelte støtte til dei føderale overgangsinstitusjonane som einaste aktuelle rammeverk for fred, stabilitet og godt styresett i Somalia. Den europeiske unionen appellerer til alle somaliarar om å la vere å ty til vald og å innsjå at inkluderande dialog er einaste måten å løyse uoppgjorde saker på.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, kandidatlanda Tyrkia og Kroatia *>, landa i stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle kandidatlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, i tillegg til Ukraina og Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

*Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.