Erklæring frå EU-formannskapet om drapet på menneskerettsforkjemparen Orlando Valencia (07.11.05)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Erklæring frå EU om drapet på menneskerettsforkjemparen Orlando Valencia (07.11.05)

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste drapet på Orlando Valencia, medlem av Consejo Comunitario del Jiguamiando. Valencia, som hadde engasjert seg for å finne ei løysing på problema for landsbyane Curvarado og Jiguamiando, vart bortført og truleg drepen av medlemmer av ei paramilitær gruppe.

Retten til å ytre seg fritt er grunnleggjande i alle demokrati. Den europeiske unionen seier seg difor glad for dei tiltaka dei colombianske styresmaktene allereie har sett i verk for å etterforske dette drapet, og ber dei innstendig om å gjere alt som er nødvendig for å arrestere og rettsforfølgje dei som er ansvarlege for dette avskyelege brotsverket. Vi oppmodar regjeringa til å auke innsatsen for å verne sårbare samfunn rundt om i landet, treffe nødvendige tiltak for å verne dei som forsvarar menneskerettane, og sikre alle colombianarar retten til å snakke fritt og utan frykt.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.