Erklæring frå EU-formannskapet om folkerøystinga i Uganda (05.08.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om folkerøystinga i Uganda (05.08.05)

Den europeiske unionen er glad for at folket i Uganda i folkerøystinga 28. juli gjekk inn for å støtte gjeninnføringa av eit politisk fleirpartisystem. Den europeiske unionen ser på dette som eit viktig steg i retning av eit ansvarleg demokratisk system i Uganda.

Det er viktig at vala i 2006 vert oppfatta som frie og rettferdige av alle partar. Den europeiske unionen ser difor fram til at regjeringa står ved lovnaden sin om å etablere eit skilje mellom Rørsla og staten, og at parlamentet innan slutten av september 2005 vedtek den lovgjevinga som er naudsynt for eit fleirpartisystem.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlandet Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.