Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om "folkerøystinga" og "presidentvalet" i Sør-Ossetia/Georgia 12. november 2006 (13.11.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om "folkerøystinga" og "presidentvalet" i Sør-Ossetia/Georgia 12. november 2006 (13.11.06)

Den europeiske unionen er merksam på at det fann stad ei "folkerøysting" og eit "presidentval" i regionen Sør-Ossetia i Georgia 12. november 2006. "Folkerøystinga" er i strid med Georgias suverenitet og territoriale integritet innafor dei internasjonalt godkjende grensene. EU meiner at situasjonen i Sør-Ossetia ikkje var slik at folkeviljen kunne komme fritt til uttrykk. EU minner om innlegget sitt på møtet i OSSEs faste råd 9. november, og understrekar på nytt at dei ikkje godkjenner verken "folkerøystinga" eller resultatet. Det same gjeld "presidentvalet" i Sør-Ossetia/Georgia.

Den europeiske unionen støttar fullt ut Georgias suverenitet og territoriale integritet innafor dei internasjonalt godkjende grensene. Den europeiske unionen meiner at folkerøystinga og valet ikkje medverka til forsøka på å løyse konflikten på fredeleg vis. Dei oppmodar alle partane i konflikten om strengt å respektere dei avtalane som eksisterer og straks gå attende til forhandlingsbordet for å arbeide for ei rask og open løysing på den sør-ossetiske konflikten.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.