Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om framlegget til lov mot revolusjonær verksemd i Kviterussland (02.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om framlegget til lov mot revolusjonær verksemd i Kviterussland

02.12.05

Den europeiske unionen seier seg lei for at unionen enda ein gong må uttrykkje uro over utviklinga i Kviterussland, etter at den kviterussiske nasjonalforsamlinga under den første handsaminga har godkjent eit framlegg til lov mot revolusjonær verksemd som vil innebere ei forandring av straffelova i landet. Lova synest å vere heilt i strid med mykje av det Kviterussland har forplikta seg til når det gjeld menneskerettar, særleg retten til forsamlings- og ytringsfridom. Dette lovframlegget er eit klart forsøk på å skremme kviterussarane og kvele den frie debatten før presidentvalet i Kviterussland.

EU ber den kviterussiske nasjonalforsamlinga innstendig om å revurdere vedtaket og avvise lovframlegget, særleg på bakgrunn av det Kviterussland har forplikta seg til innanfor ramma av OSSEs menneskelege dimensjon. EU oppmodar også dei kviterussiske styresmaktene til å ta konkrete steg for å vise sin vilje til å respektere demokratiske verdiar og rettsstaten, slik at vi kan kome i gang med å utvikle nærare og djupare relasjonar.

Innføring av slike udemokratiske lover kan få alvorlege følgjer for dei kviterussiske styres­maktene. EU minner om at unionen er reie til å treffe fleire eigna restriktive tiltak overfor dei ansvarlege personane, dersom internasjonale normer ikkje vert etterlevde, slik det går fram av konklusjonane frå møtet i Rådet for allmenne saker og eksterne relasjonar 7. november.

EU understrekar sin vilje til å gå saman med internasjonale partnarar, særleg USA, om å leggje press på dei ansvarlege kviterussiske styresmaktene for at dei skal avvise framlegget om lov mot revolusjonær verksemd.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.