Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om fredssamtalane om Darfur i Abuja (22.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fredssamtalane om Darfur i Abuja (22.12.05)

Den europeiske unionen følgjer nøye med på fredssamtalane om Darfur i Abuja, der den sjuande runden tok til i slutten av november. EUs spesialrepresentant for Sudan, Pekka Haavisto, har vitja forhandlingane to gonger i løpet av denne runden, og fleire medlemsland er representerte der. EU seier seg glad for framgangen som er gjort i verdifordelingskommisjonen sidan runden starta, men unionen er alvorleg uroa over den manglande framgangen på dei to andre områda (maktfordeling og tryggingsordningar) dei første to og ei halv vekene. Det synest som om årsaka til dette er manglande vilje hos forhandlarane til SLM/A og særleg JEM til å engasjere seg heilhjarta i desse spørsmåla. EU seier seg glad for at dialogen vart teken opp att i maktfordelingskommisjonen 19. desember, og håpar dette vert starten på ei positiv utvikling. Unionen oppmodar alle partar til å vise at dei ønskjer fred i Darfur ved å forhandle med ei positiv og fleksibel innstilling, med det siktemål å kome fram til ei snarleg løysing. EU stadfester på nytt si fulle støtte til meklingsgruppa under leiing av Den afrikanske unionen, og rosar dei for den store innsatsen dei har gjort under desse forhandlingane.

EU er òg djupt uroa over dei stadige brota på våpenkvileavtalane i Darfur. Unionen oppmodar alle sider i konflikten til straks å slutte med slike åtak og avstå frå alle handlingar som kan forverre situasjonen i Darfur og i Chad. Desse vedvarande brota på våpenkvileavtalane gjer at det hastar enda meir med å få til framgang i forhandlingane om tryggingsordningar i Abuja, og særleg at det vert underteikna ei ny og meir omfattande våpenkvile.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.