Erklæring frå EU-formannskapet om gjennomføringa av felleserklæringa om tollspørsmål frå statsministrane i Ukraina og Moldova (15.03.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om gjennomføringa av felleserklæringa om tollspørsmål frå statsministrane i Ukraina og Moldova

EU gir si fulle støtte til gjennomføringa av den felles erklæringa om tollspørsmål som statsministrane i Ukraina og Moldova la fram 30. desember 2005. EU legg stor vekt på tydelege og sikre grenser. Grensespørsmål er eit av hovudmåla for Den europeiske naboskapspolitikkens handlingsplanar for både Ukraina og Moldova.

Med gjennomføringa av felleserklæringa vert det på nytt innført eit klart og legitimt tollregime på grensa mellom Moldova og Ukraina.

Vi fordømmer på det sterkaste forsøka frå dei sjølverklærte transdnestriske styresmaktene si side på å skape ei kunstig krisestemning.

Vi oppmodar dei økonomiske aktørane i Transdnestr-regionen i Moldova om å registrere seg hos dei relevante styresmaktene i Chişinău, for å leggje til rette for ein uhindra flyt av varer over grensa, og vi seier oss glade for dei tiltaka som dei moldovske styresmaktene har sett i verk i denne samanhengen. Vi er særleg nøgde med tilsegna frå moldovsk side om at ein skal unngå dobbel skattlegging og at registrerte transdnestriske næringslivsaktørar skal få opphavssertifikat når det er råd å kontrollere opphavet til varene.

Vi oppmodar dei sjølverklærte transdnestriske styresmaktene om å ikkje leggje hindringar i vegen for denne registreringa. Vi fordømmer alle forsøk frå dei sjølverklærte transdnestriske styresmaktene si side på å hindre den frie internasjonale flyten av varer, noko som vil skade interessene til transdnestriske næringslivsaktørar, som på denne måten vert frårøva sjansen til å eksportere varene sine. EU uttrykkjer håp om at det i framtida vil verte skapt føresetnader for at Moldova kan gi alle transdnestriske selskap tilgang til dei same handelspreferansane i høve til EU som andre moldovske selskap no nyt godt av.

Vi understrekar på nytt at EU er parat til å arbeide vidare med utviklinga av ei effektiv og klar grenseordning, særleg gjennom EUs grensebistandssendelag til Moldova og Ukraina (EUBAM). EUBAM har i denne samanhengen regelmessige samråd med sine ukrainske og moldovske partnarar.

EU står fast ved si støtte til Republikken Moldovas territoriale integritet, og unionen tek opp att sitt ønske om å medverke til ei fredeleg løysing på Transdnestr-konflikten.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.