Erklæring frå EU-formannskapet om hendingane i Kviterussland den seinare tida (14.06.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om hendingane i Kviterussland den seinare tida (14.06.05)

Den europeiske unionen er særleg uroa over den aukande undertrykkinga av dei politiske opposisjonskreftene, sivilsamfunnet, fagforeiningane og dei uavhengige media i Kviterussland.

EU fordømmer arrestasjonane og dei politisk motiverte rettssakene som særleg Skrebets, Statkevich, Severinets, Klimov, Bandajevski, Marinitch, Levonevski og Vasiljev har vore utsette for. EU oppmodar om at rettsstatlege prinsipp blir følgde og at dei nemnde mennene straks vert sette fri. EU ser på desse handlingane som forsøk frå regimet si side på å eliminere potensielle motstandarar av president Lukasjenko fram mot det føreståande presidentvalet.

EU seier seg lei for den tiltakande antivestlege språkbruken i dei statskontrollerte media og frå offentleg hald. Vi er urolege over dei isolasjonistiske tendensane i Kviterussland.

EU er òg forskrekka over at regimet i aukande grad prøver å hindre aktivitetane til politiske parti og frivillige organisasjonar.

EU appellerer til Kviterussland om å stanse desse handlingane, som er til hinder for ei utvikling av samkvemmet mellom EU og Kviterussland.

EU seier seg på ny parat til å gå i dialog med Kviterussland om ei gradvis utvikling av det bilaterale samkvemmet så snart styresmaktene i Kviterussland gjennom konkret handling har vist oppriktig vilje til å ta opp att dialogen med verdssamfunnet.

EU minner om at organisasjonen er forplikta til å hjelpe sivilsamfunnet og folket i Kviterussland, og vil vidareføre dialogen om eventuelle ekstratiltak i så måte.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, kandidatlanda Tyrkia og Kroatia 1Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen., landa i stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle kandidatlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, i tillegg til Ukraina og Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.