Erklæring frå EU-formannskapet om opninga av den afghanske nasjonalforsamlinga (20.12.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den høgtidelege opninga av den afghanske nasjonalforsamlinga i Kabul 19. desember 2005

20.12.05

Den europeiske unionen helsar opninga av den afghanske nasjonalforsamlinga 19. desember velkommen. Dette er ei historisk hending som markerer høgdepunktet i den politiske overgangsprosessen som vart staka ut i Bonn-avtalen.

EU ønskjer å hjelpe Afghanistan med å byggje sterke og ansvarlege institusjonar, som fremmer rettsstaten og sikrar demokratisk kontroll. I den samanhengen ser EU fram til å etablere kontakt med nasjonalforsamlinga og gler seg over forsamlingas bidrag til utvikling og styrking av demokratiet og demokratiske institusjonar i Afghanistan.

EU seier seg glad for det framifrå bidraget frå programmet for opplæring av parlaments­tilsette, som Frankrike og FNs utviklingsprogram står bak, med deltaking frå andre europeiske land, og unionen oppmodar det internasjonale samfunnet om å støtte nasjonal­forsamlinga.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.