Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om opprettinga av Nasjonalrådet for menneskerettar i Egypt (28.01.04)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om opprettinga av Nasjonalrådet for menneskerettar i Egypt (28.01.04)

EU gler seg over at Shurarådet i parlamentet i Den arabiske republikken Egypt har oppnemnt medlemer til Nasjonalrådet for menneskerettar og utnemnt den tidlegare generalsekretæren i FN, dr. Boutros Boutros Ghali, til formann i nasjonalrådet, og såleis bana veg for den faktiske gjennomføringa av lova om oppretting av ein slik institusjon.

Den europeiske unionen nyttar òg høvet til å gratulere dr. Boutros Boutros Ghali med utnemninga til leiar for det viktige Nasjonalrådet for menneskerettar, og ønskjer han lukke til i det nye vervet.

Unionen ser på opprettinga av rådet som eit handfast teikn på Egypts vilje til å fremje og verne om menneskerettane, og er overtydd om at rådet med sine uavhengige og høgt kvalifiserte medlemer vil vere med på å gjere den egyptiske menneskerettspolitikken truverdig.

Den europeiske unionen og Egypt har, i tråd med assosieringsavtalen som snart skal ratifiserast, innleidd ein omfattande dialog der partane tek opp alle spørsmål som er viktige for dei begge. I pakt med denne dialogen ønskjer Den europeiske unionen å vise at han står klar til å samarbeide fullt og heilt med dr. Boutros Boutros Ghali og kollegane hans, og til å hjelpe til på mest mogeleg eigna og effektivt vis i arbeidet for å nå dei viktige målsetjingane som parlamentet i Den arabiske republikken Egypt har overlate til dei.

Dei tiltredande landa Estland, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Den slovakiske republikken, Slovenia, Den tsjekkiske republikken og Ungarn, søkjarlanda Bulgaria, Romania og Tyrkia, landa som er omfatta av stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, i tillegg til EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), sluttar seg til denne erklæringa.