Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om politiske fangar i Eritrea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om politiske fangar i Eritrea

18.09.06

Den 18. september 2001 vart elleve framståande medlemmer av Parlamentet og Folkefronten for demokrati og rettferd, det einaste politiske partiet i Eritrea, arresterte. Nokre dagar seinare vart òg 10 uavhengige journalistar fengsla. Seinare har fleire vorte fengsla og internerte, utan høve til kontakt med omverda og utan at det er reist tiltale mot dei, og dei har ikkje fått prøve saka si for retten, slik dei har krav på.

Trass i ei rekkje appellar frå det internasjonale samfunnet, m.a. frå EU, og frå fleire statlege og ikkje-statlege menneskerettsorganisasjonar, sit desse fangane framleis internerte, utan å ha vorte sikta for noko brotsverk, og utan å ha fått prøve saka si i ein fri og upartisk rettsprosess. Ingen av dei har vore stilt for ein forhørsrett, sjølv om eritreisk lov krev at dette vert gjort innan 48 timar.

Den europeiske unionen seier seg svært lei for desse alvorlege brota på menneskerettane, og unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til regjeringa i Eritrea om å gi detaljerte opplysningar om kor desse personane er internerte, kva forhold dei vert haldne under og korleis helsetilstanden deira er. Den europeiske unionen oppmodar også regjeringa i Eritrea til anten å reise tiltale mot dei internerte og gi dei ein rettferdig og offentleg rettargang med eigna forsvararar, eller sleppe dei fri utan vilkår.

Familiane til dei internerte, og dei advokatane og lækjarane som dei sjølve ønskjer å snakke med, må få rett til å vitje fangane. Dei eritreiske styresmaktene må sørgje for at fangane, så lenge dei vert haldne internerte, vert behandla i samsvar med vilkåra i Grunnleggjande prinsipp for behandling av fangar, som FNs generalforsamling vedtok i Resolusjon 45/111 14. desember 1990 .

EU legg stor vekt på velværet til dei internerte, og unionen oppmodar på nytt regjeringa i Eritrea om å tillate at EUs stasjonssjefar i Asmara får vitje dei det gjeld, slik at dei kan vurdere tilstanden deira.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Liechtenstein, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.