Erklæring frå EU-formannskapet om pressefridommen i Iran (05.10.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om pressefridommen i Iran (05.10.06)

Den europeiske unionen er alvorleg uroa over at situasjonen for pressefridommen i Iran er blitt forverra. Den 11. september kunngjorde tilsynsrådet for pressa at fire aviser ikkje lenger ville komme ut, mellom anna den leiande reformvennlege dagsavisa Shargh.

Denne kunngjeringa er særleg urovekkjande sidan det alt er innskrenka pressefridom i Iran. Den europeiske unionen er dessutan svært uroa over at journalistar framleis blir trakasserte, til dømes truga med tiltale.

Den europeiske unionen oppmodar dei iranske styresmaktene om å oppfylle forpliktinga si om å respektere pressefridommen og å la iranske journalistar utøve yrket sitt utan å bli trakasserte eller utsette for trugsmål.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* >Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.