Erklæring frå EU-formannskapet om rakettprøvene som Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) har gjennomført (13.07.2006)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om rakettprøvene som Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) har gjennomført (03.07.06)

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste dei provoserande prøveutskytingane av rakettar som styresmaktene i Nord-Korea har gjennomført. Desse prøvene, som òg omfatta system for langdistanserakettar som kan nyttast til å sende ut masseøydeleggingsvåpen, legg auka press på stabiliteten i regionen på eit tidspunkt då det er naudsynt å byggje opp gjensidig tillit i samband med det uløyste atomproblemet på Koreahalvøya. Slike prøver gir òg grunn til ei meir allmenn uro på grunn av dei følgjene dei får for den globale spreiinga.

Prøvene strir mot ånda i den felleserklæringa som blei vedteken i samband med samtalene mellom dei seks partane i september 2005, og reiser tvil om i kva grad Nord-Korea meiner alvor når dei hevdar at dei skal gjennomføre denne erklæringa. Den europeiske unionen ber innstendig om at Nord-Korea tek opp att samtalene utan å stille førehandsvilkår og å samarbeide fullt ut om å gjennomføre felleserklæringa.

Den europeiske unionen oppmodar Nord-Korea om konstruktivt å medverke til at dei alvorlege tryggingsproblema som regionen står overfor, blir løyste ved at prøvestansen som gjeld for langdistanserakettar, og som landet einsidig har overhalde frå september 1999 og fram til no, blir innført att. Den europeiske unionen har til hensikt å rådføre seg med andre i det internasjonale samfunnet om ein verknadsfull reaksjon.

Den europeiske unionen vil halde fram med aktivt å støtte dei forsøka som blir gjorde for å finne ei fredeleg løysing på tryggingsproblema på Koreahalvøya.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.