Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om rettssaka i Andijan (18.11.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om rettssaka i Andijan (18.11.05)

Den europeiske unionen har følgt nøye med på rettssaka i Usbekistan mot 15 personar i samband med hendingane i Andijan 12.-13. mai 2005, som vart avslutta 14. november. Den europeiske unionen deler mange av dei alvorlege ankepunkta mot måten rettssaka har vore gjennomført på, som vart uttrykt 26. oktober av FNs spesialrapportørar og den uavhengige eksperten på vern av menneskerettar og grunnleggjande fridomar i kampen mot terrorismen, og innvendingane som har kome frå FNs høgkommissær for menneskerettar. Den europeiske unionen ser fram til ei snarleg offentleggjering av rapporten frå gruppa frå ODIHR (Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar) som følgde rettssaka.

Den europeiske unionen er alvorleg uroa over truverdet til bevismaterialet påtalemakta har lagt fram, og unionen meiner forsvarsprosedyrane ikkje har vore gode nok til å sikre ein rettferdig rettargang. Den europeiske unionen ville setje pris på å få høve til å drøfte desse innvendingane med den usbekiske regjeringa.

Rettssaka fokuserte på åtaka på militærkasernane, fengslet og bygningen til SNB (det hemmelege politiet), samt på okkupasjonen av Hokimyat (regionalforvaltninga). EU erkjenner at desse åtaka var kriminelle handlingar, men unionen er uroa over at rettssaka tok så lite omsyn til dei mange rapportane, mellom dei rapportar frå augevitne, som hevdar at dei usbekiske militære styrkane og tryggings­styrkane gjorde seg skyldige i alvorlege brot på menneskerettane då dei slo ned demonstra­sjonane.

Den europeiske unionen meiner framleis det er svært viktig at det vert gjennomført ei truverdig og open uavhengig internasjonal gransking av hendingane 12.-13. mai. Den europeiske unionen er klar til å drøfte alle desse spørsmåla i dialogen unionen har gåande med Usbekistan.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.