Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen for dei politiske fangane Jose Daniel Ferrer Garcia, Victor Rolando Arroyo og Felix Navarro

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen for dei politiske fangane Jose Daniel Ferrer Garcia, Victor Rolando Arroyo og Felix Navarro

Den europeiske unionen har med stor uro merkt seg situasjonen for dei politiske fangane Jose Daniel Ferrer Garcia, Victor Rolando Arroyo og Felix Navarro, som alle er i ekstremt dårleg helsemessig forfatning som følgje av sveltestreikar dei har gjennomført i protest mot tilhøva dei vert haldne fanga under.

EU oppmodar dei kubanske styresmaktene om straks å gjennomføre tiltak for å betre vilkåra i fengselet for desse og andre politiske fangar som er internerte under tilhøve som ikkje oppfyller FNs minimumskrav til behandling av fangar.

EU rettar på ny ei inntrengjande oppmoding til Cuba om å sleppe fri utan vilkår alle politiske fangar som enno sit internerte.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.