Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen i Somalia (19.09.2005)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Somalia (19.09.2005)

Den europeiske unionen (EU) gjev si fulle støtte til statsministeren i den føderale overgangsregjeringa i Somalia og initiativet han kom med i sitt brev av 13. september til dei Mogadishu-baserte ministrane om å byrje, etter konsultasjonar, å halde regelmessige regjeringsmøte i Mogadishu. Dette er eit heilt og fullt somalisk initiativ, og EU oppmodar ministrane i Mogadishu til å reagere positivt på det. EU er glad for at internasjonale bistandsytarar har sagt seg viljuge til å vere med og finansiere dette initiativet.

EU trur at dette er eit svært viktig steg mot ei løysing på dei store problema som dei føderale overgangsinstitusjonane står framfor, og at det fremmer ein oppriktig og inkluderande dialog. EU oppmodar alle somaliarar om å gripe den sjansen som dette initiativet representerer, og strekar under behovet for at alle partar set til side det dei er usamde om (og særleg at dei avstår frå trugsmål om bruk av vald), for å sikre at regjeringa, parlamentet og andre viktige somaliske partar samarbeider på ein inkluderande og open måte.

Den europeiske unionen er uroa over rapportar den siste tida om militær aktivitet og provoserande utsegner (særleg frå ekstremistiske element) og den auka spenninga i Somalia som følgje av dette. EU støttar i denne samanhengen fullt og heilt opp om utsegna 8. september frå FNs generalsekretær sin spesialutsending til Somalia, Francois Lonseny Fall, om at det ikkje finst noka militær løysing på dei problema som dei føderale somaliske institusjonane står overfor.

Det internasjonale samfunnet har investert tungt i forsoningsprosessen i Somalia og er framleis parat til å støtte dei føderale overgangsinstitusjonane i deira arbeid for å byggje opp att ein fungerande stat i Somalia. Dersom det på ny vert bruka vald, vil dette uunngåeleg vere eit tilbakesteg for forsoningsprosessen, og det vil undergrave den framgangen som er oppnådd.

EU oppmodar difor alle partar om ikkje å gjere militære førebuingar eller kome med provoserande utsegner, men arbeide for å finne fredelege løysingar på konfliktane gjennom inkluderande dialog. Særleg er det viktig at opprettinga av ein eventuell nasjonal somalisk militærstyrke vert gjort innanfor ramma av ein nasjonal tryggings- og stabiliseringsplan som skal utarbeidast av Det nasjonale tryggingsrådet, i samsvar med fråsegna frå formannen i FNs tryggingsråd 14. juli 2005.

Til slutt vil EU igjen understreke at det føderale overgangscharteret og institusjonane som er oppretta av den nasjonale somaliske forsoningskonferansen utgjer det einaste rammeverket som det internasjonale samfunnet kan godta som grunnlag for å støtte eit nytt styre i Somalia.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.