Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen i Thailand

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Thailand

28.09.06

Den europeiske unionen viser til formannskapets erklæring frå 20. september 2006, og understrekar at unionen ser det som svært viktig at Thailand snarast råd vender tilbake til demokratiet og den grunnlovsfesta styreforma, som byggjer på frie og demokratiske val. Det bør haldast val så snart det lèt seg gjere.

Den militære unntakstilstanden må snarast råd erstattast av vanlege rettsstatsprinsipp, med full respekt for menneskerettar og borgarlege rettar.

Den europeiske unionen har med stor interesse notert seg den militære leiinga sine forsikringar om at Thailand vil halde fram med å rette seg etter FN-pakta og internasjonale traktatar og avtalar. Avgjerdene og handlingane til den nye regjeringa som dei militære har oppnemnt, vil bli vurderte av Den europeiske unionen i lys av Thailands internasjonale forpliktingar, m.a. på menneskerettsområdet, til dømes når det gjeld ytringsfridom og forsamlingsfridom, og i lys av dei ovafor nemnde uttrykkjelege forsikringane frå den militære leiinga i så måte.

Den europeiske unionen understrekar at det må vere folket i Thailand i sin heilskap som skal avgjere kva regjering landet skal ha i framtida.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.