Erklæring frå EU-formannskapet om tildelinga av Olof Palme-prisen for 2005 til Daw Aung San Suu Kyi (28.02.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om tildelinga av Olof Palme-prisen for 2005 til Daw Aung San Suu Kyi (28.02.06)

I samband med tildelinga av Olof Palme-prisen for 2005 til Daw Aung San Suu Kyi i dag, som ei påskjøning for den utrøyttelege og fredelege kampen ho fører for demokrati og menneskerettar i Burma/Myanmar, seier Den europeiske unionen seg svært lei for at Aung San Suu Kyi framleis vert halden i husarrest og derfor ikkje kan møte fram personleg for å ta imot prisen.

Den europeiske unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til Det nasjonale rådet for fred og utvikling om straks å frigi Aung San Suu Kyi og alle andre politiske fangar.

Den europeiske unionen er framleis svært uroa over menneskerettssituasjonen i Burma/Myanmar, og unionen ønskjer på nytt å streke under sitt engasjement til støtte for nasjonal forsoning og respekt for menneskerettar og demokrati i Burma/Myanmar.

Den europeiske unionen oppmodar på nytt Det nasjonale rådet for fred og utvikling om å gå inn i ein reell dialog med Det nasjonale forbundet for demokrati og med representantar for dei etniske gruppene.

Den europeiske unionen er framleis sterkt oppteken av at det vert gjort ein innsats for dei fattigaste i Burma/Myanmar, særleg innanfor områda helse, utdanning og utvikling av lokalsamfunna.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.