Erklæring frå EU-formannskapet om tilfellet Wang Wanxing (10.11.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om tilfellet Wang Wanxing (10.11.05)

Den europeiske unionen seier seg glad for frigjevinga av Wang Wanxing. Han stod på lista over personar som EU var uroa over, som vart lagt fram for den kinesiske regjeringa som ein del av menneskerettsdialogen mellom Kina og EU i Beijing 24. oktober. EU håpar dei kinesiske styres­maktene vil frigje fleire av fangane på lista i nær framtid.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen