Erklæring frå EU-formannskapet om tilgang for humanitære operasjonar i Darfur (06.04.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om tilgang for humanitære operasjonar i Darfur

Den europeiske unionen konstaterer med uro at den sudanesiske regjeringa dei siste dagane har nekta å gi representantar for det internasjonale samfunnet, og sist FNs visegeneralsekretær for humanitære saker, Jan Egeland, løyve til å vitje Darfur.

Den humanitære situasjonen i Darfur krev kontinuerleg innsats frå det internasjonale samfunnet. Visegeneralsekretær Egeland spelar ei sentral rolle i denne samanhengen.

Den europeiske unionen ser det som si oppgåve å gi eigna støtte og finansiering til humanitære aktivitetar. Unionen minner om at det er viktig at alle involverte partar gir humanitære operatørar i felten fri tilgang.

Regjeringa i Sudan har ei klar plikt til å samarbeide med FN og med frivillige organisasjonar, og vi oppmodar innstendig regjeringa til å samarbeide med alle humanitære organisasjonar som opererer i Darfur.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.