Erklæring frå EU-formannskapet om uroa på Maldivane den siste tida (08.09.2005)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om uroa på Maldivane den siste tida (08.09.2005)

Den europeiske unionens stasjonssjefar i Colombo, som òg er akkrediterte til Maldivane, har i tidsrommet 24.-26. august hatt ein delegasjon på Maldivane som har granska den sivile uroa 12.-14. august 2005, fengslinga av demonstrantar, mellom dei formannen for Det maldiviske demokratiske partiet (MDP), og kva følgjer dette har for reformprosessen. Delegasjonen har hatt samtalar med fleire av regjeringsmedlemmene, politimeisteren, medlemmer av Menneskerettskommisjonen, Den nasjonale tryggingstenesta (NSS), FNs fungerande representant på staden, hovudtalsmannen for regjeringa, medlemmer av MDP og nokre av dei som vart arresterte etter opptøyane.

EU ser med uro på dei siste tumultane, som kjem akkurat eitt år etter den førre uroa i Malé. Dei siste hendingane understrekar det vedvarande og presserande behovet for at regjeringa i landet, opposisjonen og alle andre interessentar på Maldivane viser eit ekte engasjement for dialog, demokratiske rettar og atterhald i sine handlingar.

EU merkjer seg, etter å ha vurdert det delegasjonen har kome fram til, og utan å føregripe planlagde rettslege tiltak, at det berre nokre månader etter at det for første gong vart tillete å registrere politiske parti, er ei rekkje opposisjonsaktivistar som no har svært alvorlege skuldingar retta mot seg. Truverdet til rettsprosessen og provtilfanget vil verte granska nøye. Det er viktig at dei fundamentale rettane til alle dei arresterte vert respekterte. EU oppmodar dei maldiviske styresmaktene til å sørgje for at rettstryggleiken til dei sikta vert ivareteken. Dette inkluderer mellom anna at det vert kunngjort i god tid når rettsforhandlingane skal haldast, slik at forsvararane får tilstrekkeleg tid til å førebu seg, og at det vert nytta riktige prosedyrar. I denne samanhengen seier EU seg glad for at regjeringa har gjeve Den internasjonale juristkommisjonen (ICJ) løyve til å følgje rettsforhandlingane. EU vil følgje nøye med på korleis rettssakene vert gjennomførte.

Ettersom dei arresterte har kome med skuldingar om brot på menneskerettane, er det viktig at Menneskerettskommisjonen får høve til å etterforske alle klager som vert sette fram. EU oppmodar medlemmene av Folkets Majlis (parlamentet) om å sørgje for at lovframlegget om Menneskerettskommisjonen, som skal drøftast i Majlis, er heilt og fullt i samsvar med internasjonale krav, at det garanterer sjølvstende for kommisjonen og at kommisjonen får tilstrekkeleg ressursar og dei nødvendige fullmakter til å etterforske saker.

EU seier seg glad for at regjeringa no har byrja arbeidet med utkastet til eit dokument som skal fastsetje kva milestolpar ein skal ha nådd i reformprosessen innan to år. Dette arbeidet må gjerast i eit nært samarbeid der alle involverte partar og folket på Maldivane vert tekne med på råd, for å gjere dei medvitne om og gje dei tillit til reformprosessen. EU oppmodar regjeringa om å halde fram med dette arbeidet utan avbrot.

Det var eit viktig steg i demokratisk retning då det for første gong vart tillete å registrere politiske parti. Det er viktig at regjeringa på Maldivane held fram med å tillate dei politiske partia å halde møte og gjennomføre fredelege politiske aktivitetar. Eit effektivt system med politiske parti krev at alle partia driv arbeidet sitt innanfor rammer som det er semje om. EU oppmodar regjeringa på Maldivane og alle dei politiske partia om å gå inn i ein konstruktiv dialog for å klargjere desse rammene. I den samanhengen rosar EU det arbeidet spesialutsendingen frå Samveldets generalsekretær har gjort som mellommann.

EU stadfester på nytt si støtte til demokratiske reformer på Maldivane og oppmodar regjeringa og opposisjonen om å medverke til innføring av slike reformer og unngå å gjere ting som gjer dette arbeidet vanskeleg. Eit ekte engasjement for demokratiet inneber at ein både lever opp til grunntanken og bokstaven i reformene.

Ein representant frå den kanadiske høgkommisjonen deltok i delegasjonen, og den kanadiske regjeringa ønskjer å slutte seg til denne erklæringa.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.