Erklæring frå EU-formannskapet om utnemninga av ny statsminister i Elfenbeinskysten (15.12.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utnemninga av ny statsminister i Elfenbeinskysten (15.12.05)

Den europeiske unionen seier seg nøgd med utnemninga av Charles Konan Banny som ny statsminister i Elfenbeinskysten. EU rosar dei afrikanske meklarane for deira innsats for å kome fram til dette resultatet. Det er no opp til statsministeren å utføre dei oppgåvene som Den afrikanske unionen har pålagt han, og som FNs tryggingsråd har pålagt han i resolusjon nr. 1633 av 21. oktober 2005.

EU ser det som nødvendig at statsministeren for dette føremålet er i stand til effektivt å utøve dei fullmakter han har fått frå FNs tryggingsråd i rådets resolusjon nr. 1633, og som er stadfeste av Den internasjonale arbeidsgruppa (IWG) og i erklæringa frå formannen i Tryggingsrådet 30. november 2005. IWG og gruppa for dagleg mekling vil sikre at statsministeren kan arbeide uhindra under overgangsperioden, slik at han kan arrangere frie og rettferdige val.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.