Erklæring frå EU-formannskapet om vala i Guinea-Bissau (01.08.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om vala i Guinea-Bissau (01.08.05)

Den europeiske unionen er glad for å kunne konstatere at den andre runden av president­valet i Guinea-Bissau etter vurderingane til dei internasjonale observatørane, og særleg EUs valobservatør­korps (EU EOM), har gått fredeleg føre seg og i det store og heile vore godt organisert, på ein open og inkluderande måte, i samsvar med internasjonale prinsipp for demokratiske val. Veljarane kunne bruke røysteretten sin fritt, trass i den spente situasjonen før valet.

Den europeiske unionen rosar folket i Guinea-Bissau for at dei på ein fredeleg måte har møtt fram og vist eit klart engasjement for fred og demokrati. EU merkjer seg at dei væpna styrkane har støtta gjennomføringa av eit demokratisk val. Den europeiske unionen rosar òg den nasjonale valkommisjonen for ei vellykka og profesjonell gjennomføring av valprosessen.

Den europeiske unionen merkjer seg dei førebelse regionale resultata, som vart offentleg­gjorde 28. juli, og oppmodar alle politiske parti og alle deltakarar til å sørgje for at resten av valprosessen vert gjennomført i ordna former og i samsvar med konstitusjonelle og andre lovføresegner.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.