Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Bolivia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Bolivia 18. desember 2005

08.12.05

EU reknar det komande valet i Bolivia som svært viktig for framtida til landet og alle landets borgarar, slik unionen gjorde det klart i si erklæring 31. oktober. Den europeiske unionen har derfor heile tida følgt nøye med på førebuingane til valet og gitt uttrykk for glede over det administrative dekretet som president Rodriguez sende ut 1. november, der han garanterer at valet skal haldast 18. desember.

Den europeiske unionen oppmodar no alle politiske aktørar, sivilsamfunnet og vanlege bolivianarar til å støtte opp om valprosessen og sørgje for at valet fører til ein fredeleg og demokratisk maktovergang i januar neste år. EU ber òg alle bolivianarar om å hjelpe den nye regjeringa med å møte den utfordringa det er å skape eit rettferdig og velståande samfunn. Det er viktig at alle Bolivias borgarar spelar ei aktiv og positiv rolle i arbeidet for å nå dette målet. EU er for sin del fast bestemt på å halde fram med å støtte Bolivia i arbeidet for å styrkje dei demokratiske institusjonane og i kampen mot fattigdom, ulikskap og sosial utestenging.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.