Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Bolivia

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Bolivia

22.12.05

Den europeiske unionen er glad for å kunne konstatere at valet i Bolivia har vore gjennomført på ein fri og rettferdig måte, og unionen rosar folket i Bolivia for denne prestasjonen. EU gratulerer Evo Morales med dei førebelse resultata, som tyder på ein avgjerande siger.

EU har tillit til at valresultatet vil opne for ei ny forståing blant politiske og sosiale aktørar i Bolivia, og med det skape grunnlaget for den konsensus som er nødvendig for å få gjennomført dei reformene landet treng. Som det går fram av erklæringa frå 12. desember, er EU fast bestemt på å støtte Bolivia i arbeidet med å styrkje dei demokratiske institusjonane og i kampen mot fattigdom, ulikskap og sosial utestenging.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.