Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Uganda (27.02.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Uganda (27.02.06)

Den europeiske unionen er glad for å kunne konstatere at president- og parlamentsvalet i Uganda 23. februar 2006 i det store og heile har gått føre seg på fredeleg vis, og at valdeltakinga har vore god. Vi rosar valkommisjonen for den stort sett gode organiseringa av valet.

Dette valet er ein viktig milestolpe på Ugandas veg tilbake til eit fleirpartidemokrati. Den europeiske unionen rosar folket i Uganda for å ha vist eit klart engasjement for demokratiet. Vi seier oss likevel leie for den mangelen på like vilkår som kjenneteikna valprosessen i samband med overgangen frå "Rørsla" til eit fleirpartisystem.

Den europeiske unionen oppmodar alle dei involverte, og særleg kandidatane og partia og tilhengjarane deira, om å vise ei ansvarleg haldning og rette seg etter dei konstitusjonelle prosedyrane.

EUs valobservatørsendelag vil bli verande i Uganda for å overvake det som står att av valprosessen, m.a. prosedyrane for overprøving og klager.

Den europeiske unionen understrekar på nytt sin vilje til å støtte Uganda i arbeidet med å styrkje demokratiet og rettsstaten og skape eit godt styresett i landet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.