Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om vedtaket av den russiske lova om frivillige organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om vedtaket av den russiske lova om frivillige organisasjonar

19.01.2006

Den europeiske unionen har overfor Den russiske føderasjonen gjort det klart at unionen er uroa over kva verknader lovframlegget om frivillige organisasjonar kan få. EU har òg understreka kor stor vekt unionen legg på ytrings- og forsamlingsfridom, som er grunnleggjande verdiar i eit demokratisk samfunn. EU understrekar på nytt si sterke støtte til sivilsamfunnets legitime og fredelege aktivitetar. Det er i Russlands interesse at sivilsamfunnet får utvikle seg fritt.

EU seier seg glad for endringane som er gjort i lovframlegget før den andre behandlinga, men unionen fryktar likevel at lova, slik ho no er vedteken, kan få alvorlege følgjer for den legitime verksemda til sivilsamfunnets organisasjonar i Russland.

EU vil følgje nøye med på gjennomføringa av lova når ho trer i kraft, og unionen uttrykkjer forventning om at ho vil bli praktisert i samsvar med dei normer som er vedtekne og dei tilsegner som er gitt innanfor ramma av Europarådet og OSSE.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.