Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet som reaksjon på at maoistane har forlengt våpenstillstanden i Nepal (07.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen som reaksjon på at maoistane har forlengt våpenstillstanden i Nepal (07.12.05)

EU seier seg glad for kunngjeringa frå maoistane om at dei forlengjer den einsidige våpenstillstanden dei har erklært, og for den nye impulsen denne kunngjeringa gir til arbeidet med å finne ei politisk løysing på konflikten i Nepal. EU oppmodar maoistane til å erklære at dei straks og for all framtid vil avstå frå bruk av vald for politiske føremål, gjennomføre det dei har lova i god tru og leve opp til avtalen om å respektere menneskerettane og prinsippa for retts­staten, som dei har inngått med sju politiske parti.

EU ber innstendig kongen og regjeringa i Nepal om å erklære våpenkvile og stå ved det dei har forplikta seg til med omsyn til internasjonale menneskerettar og internasjonal humanitær rett, for å skape føresetnader for ei fredeleg utvikling.

Full stans i krigshandlingane mellom maoistane og regjeringa til kong Gyanendra er eit avgjerande steg på vegen mot ei varig fredsløysing og ein slutt på lidingane for folket i Nepal.

EU oppmodar alle involverte partar til å arbeide for at det vert opna ein inkluderande nasjonal dialog i Nepal, med det siktemål å fjerne dei underliggjande årsakene til konflikten. EU ser framleis eit behov for at FN eller ein annan høveleg ekstern organisasjon hjelper til med å mekle fram og overvake ein våpenkvileavtale og leggje til rette for ein fredsprosess.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.