Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet som reaksjon på stenginga av Radio Sagarmatha FM i Nepal (05.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen som reaksjon på stenginga av Radio Sagarmatha FM i Nepal (05.12.05)

EU er framleis djupt uroa over tiltaka regjeringa i Nepal har sett i verk for å innføre og handheve undertrykkjande restriksjonar på media i landet. Som vi har gitt uttrykk for tidlegare, inneber endringane i den nye medieforordninga ei krenking av den universelle retten til ytringsfridom. Vi fordømmer derfor beslaglegginga av radioutstyr som tryggingsstyrkane gjennomførte 27. november frå Sagarmatha FM-stasjon i Katmandu.

EU oppmodar enno ein gong regjeringa i Nepal til å verne om dei grunnleggjande rettane som er garanterte i Kongeriket Nepals forfatning, og innrømme folket i Nepal den universelle retten dei har til ytringsfridom.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.