Flora kommune - reguleringsplan for Kjetangen (hytter - strandsone)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 12. juli 2005

Flora kommune – motsegn mot reguleringsplan for Kjetangen

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 11. mars 2005, for avgjerd etter plan- og bygningslova § 27‑2 nr. 2.

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for Kjetangen i Flora kommune. Av omsyn til vern av strandsona kan det ikkje byggjast hytter på tomtene H11 og H13. Motsegna frå fylkesmannen vert dermed teke til følgje.

Bakgrunnen for saka

Reguleringsplan for Kjetangen, på øya Hovden i Flora kommune tillet bygging av 10 nye hytter.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga fremma 6. februar 2003 motsegn mot hyttetomtene H11 og H13 i reguleringsframlegget. Fylkesmannen meiner plasseringa er klårt i strid med strandvernet. Fylkesmannen viser til at kommunane ved fleire høve er oppmoda om å skjerpe dispensasjons- og planpraksisen i strandsona, mellom anna i brev 8. mars 2002. Tidleg i reguleringsarbeidet oppmoda fylkesmannen om at hyttetomtene vert plassert vekk frå strandlina og at eit belte langs stranda vert regulert som friluftsområde, og kommunen tok i første omgang omsyn til det. Tomtene H11 og H13 vart seinare lagt med grense om lag 15 meter frå sjøen, og fylkesmannen meiner dette vil privatisere området og redusere høvet til ferdsel i strandsona både for allmenta og dei andre hytteeigarane.

Fylkeskommunen rådde i brev av 5. februar 2003 til at tomtene H11 og H13 vert teke ut av planen eller flytta lenger frå strandlina.

Mekling i saka vart gjennomført 16. september 2004, men partane kom ikkje til semje om planforslaget.

Kommunestyret vedtok reguleringsplanen 28. september 2004. Av saksframtillinga går det fram at kommunen har fått nytt kartverk for området, og at hytteplasseringane er kontrollmålt. Dette har vist at avstanden frå sjø er 30 meter og like stor som for andre hytter i planområdet. Fylkesmannen fann på synfaringa 20. april 2004 likevel ikkje grunnlag for å trekkje motsegna.

Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev 22. februar 2005. I brevet er det mellom anna opplyst at ved utforminga av reguleringsplanen har ein tilpassa hyttene til terrenget, sikra utsikt til havet frå hyttene og utareal til kvar hytte. Kommunen ønskjer å utnytte lokale ressursar gjennom hyttebygging, samtidig som ein vil ta vare på dei verdiane som ligg i kystlandskapet. Hyttebygging er handsama som eige tema i kommuneplanen, og i arealdelen er planområdet lagt ut som byggeområde for hytter med krav om reguleringsplan. Kommuneplanen har reglar om at avstand til sjø skal vere minst 30 meter for landbruks-, natur- og friluftsområde med spreidd bustadbygging, men dette gjeld ikkje i høve til hytter. Kommunen opplyser at største delen av eldre bygningsmasse ligg nærare sjøen enn 100 meter, og planar frå dei seinare åra har avstandkrav på 30 meter mot sjø.

Etter kontrollmåling av avstanden til sjøen, meiner kommunen intensjonen med motsegna er tatt til følgje. Kommunen meiner motsegna endra karakter frå å gjelde avstand til vurdering av landskapsbilete. Kommunen meiner det ikkje er tatt i bruk eit nytt landskapsrom, og at dei omtvista hyttene vil vere minst eksponerte. Det er foreslått sti forbi hyttene, slik at strandlina vil bli tilgjengeleg for allmenta og andre hytteigarar.

Fylkesmannen rådde i oversendingsbrevet 11. mars 2005 til at departementet stadfestar reguleringsplanen. Fylkesmannen viser til at hyttetomtene ser ut til å vere plassert 30 meter frå sjøen, dvs. i samsvar med føresegner i arealdelen i kommuneplanen. Fylkesmannen opplyser at miljøvernavdelinga likevel meiner at tilhøva på staden tilseier at dei to omstridde hyttetomtene vil ta i bruk eit nytt naturgitt landskapsrom, med negativ verknad for strandsona. Omsynet til ferdsel og allmenta sin bruk av strandsona er det sentrale i denne samanhengen. Fylkesmannen har ved ei samla vurdering av saka, særleg etter oppdatering av kartet, funne at motsegna inneber ei for streng praktisering av strandsoneomsyna i området. Fylkesmannen legg vekt på at reguleringsplanen er i samsvar med overordna plan. Fylkesmannen meiner likevel saka reiser tvil om praktiseringa av strandsonevernet slik at nasjonale styresmakter bør ta stilling til planforslaget.

Synfaring og møte om saka vart halde 20. april 2005, med representantar for kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, grunneigaren, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning rådde i brev 4. mai 2005 til at motsegna frå fylkesmannen vert teke til følgje. Direktoratet meiner bygging på tomtene H11 og H13 ikkje kan sameinast med den nasjonale politikken for forvaltning av strandsona. Direktoratet viser til brev om strandsona frå Miljøverndepartementet seinast 8. mars 2002 og til omtala av strandsone­politikken i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Direktoratet er kritisk til ein praksis der ein har som hovudregel at bygging vert tillate dersom avstanden til sjøen er meir enn 30 meter. Etter synfaringa meiner direktoratet dei to hyttene vil leggje beslag på det strandsonearealet og landskapsrommet som er attraktivt for allmenn bruk og opphald, fordi det er godt utsyn og eit farbart terreng.

Miljøverndepartementet si vurdering

Motsegna gjeld om hyttetomtene H11 og H13 skal takast ut av planen av omsyn til vern av strandsona.

Det er eit viktig nasjonalt mål å hindre bygging og privatisering i 100‑metersbeltet langs sjøen, mellom anna for å sikre allmenn ferdsel og omsynet til landskap og natur. Det er nødvendig med ein offensiv og framtidstretta forvaltning av strandsona. Dette har seinast kome til uttrykk i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

I denne saka har spørsmålet om avstand til sjøen vore eit sentralt punkt. Då motsegna vart fremma var det opplyst at tomtene låg omlag 15 meter frå sjøen, men etter kontrollmålingar og oppdatert kart er avstanden opplyst å vere ca 30 meter. Dette er generelt sett ein for kort avstand til å sikre allmenn ferdsel og opphald ved sjøen. Det må likevel vurderast konkret i kvart høve om avstanden er tilstrekkeleg.

Reguleringskartet viser at tomtene H5, H6 og H9 ligg omlag 30 meter frå sjøen, utan at det er fremma motsegn mot dei. Miljøverndeparte­mentet meiner etter synfaringa at det er grunnlag for å vurdere desse tomtene annleis, fordi dei terrengmessige tilhøva er ulike. Området med tomtene H11 og H13 skil seg ut frå resten av planområdet, mellom anna fordi terrenget her ligg lågare og meir sjønært. Strandarealet her er eigna for ferdsel og opphald både for allmenta og hytteeigarane. Reguleringskartet viser ein sti ned til sjøen mellom dei to hyttetomtene, men dette vil etter departementet si vurdering ikkje vere godt nok til å sikre allmenne interesser.

I kommuneplanen sin arealdel er området vist som byggjeområde, med krav om reguleringsplan før bygging. Det er ikkje gitt retningsliner eller føresegner om avstand til sjøen for dette området. Det er heller ikkje gitt generelle retningsliner om avstanden til sjøen ved bygging av hytter i kommunen.

Departementet vil peike på at hyttene på reguleringsplanen er plasserte med god avstand imellom. Reguleringsplanen omfattar heller ikkje heile grunneigaren sin eigedom. Det vil difor vere mogleg å plassere dei to hyttetomtene lenger frå sjøen, innafor eller utafor planområdet.

Etter dette finn Miljøverndepartementet at det ikkje vil vere i samsvar med nasjonal strandsonepolitikk å tillate bygging på tomtene H11 og H13 og desse må takast ut av planen.

Vi føreset at kommunestyret endrar reguleringsplanen i samsvar med det som er nemnt ovanfor.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 27‑2 finn Miljøverndepartementet ikkje å kunne stadfeste Flora kommunestyre sitt vedtak 28. september 2004 om reguleringsplan for Kjetangen.

Med helsing
Knut Arild Hareide

Kopi:
Flora kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning
Kjell Kittang, Brendøyv. 15, 6900 Florø
Solveig J. Bareksten, v/Alf Bareksten, 6916 Barekstad