Høringssvar fra Jostein Bjerga

Dato: 11.09.2021

Kva er intensjonen med å forlenge unntakstilstanden så lenge som til juni 2022?

Kva er hensikta med dette forslaget?

Veit regjeringa noko som folket ikkje veit? I så fall bør folket informerast umiddelbart!

Dette harmonerer ikkje med at fleirtalet av folket etter kvart er fullvaksinerte, og at ein står framføre ei snarleg gjenopning av samfunnet,

Dette er ikkje noko greitt forslag, og harmonerer ikkje med den fridomen vårt norske demokrati skal gje oss...

Så dette kan ikkje godtakast, og Stortinget må seia nei!