Høringssvar fra Daniel Vagstad

Dato: 11.09.2021

Dei mellombelse forskriftsheimlane må under ingen omstende forlengast. Dei må avskaffast umiddelbart. Dei står ikkje i forhold til kor farleg eller dødeleg COVID-19 er. Medisinske ekspertar over heile verda har sagt sidan våren 2020 at dette viruset er ufarleg for det overveldande fleirtalet. Det kan ein også lese seg til i offentleg tilgjengeleg statistikk. Der er svært få døde og svært få sjukehusinnlagt. Langt fleire brukte å døy av vanleg sesonginfluensa. Med andre ord er der ikkje medisinsk eller juridisk grunnlag for å ha slike forskrifter mot COVID-19.