Høringssvar fra Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Dato: 15.09.2021

Høyringssvar frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus oppfattar at denne høyringa om forlenging av forskriftsheimel i smittevernlova (isolering, karantene og koronasertifikat) ikkje inneheld vesentleg ny tekst og at høyringssvaret vi sendte i mai 2021 framleis står seg.

Det verkar rimeleg å behalde dei midlertidige forskriftsheimlane i ein utvida men likevel avgrensa periode, all den tid vi ikkje kan vite sikkert korleis pandemien vil utvikle seg gjennom vinteren 2021-2022. Plikt om smittekarantene og isolering i forskrifta skal uansett opphevast straks tiltaka ikkje er nødvendige og rett avpassa.

Dersom Helsedirektoratet framleis fremjer forslag om at § 4-3a skal takast inn som varig heimel i smittevernlova for handtering av almennfarleg smittsom sjukdom, bør dette handsamast grundig ved seinare revisjon av smittevernlova.

Marta Ebbing, fagdirektør, Forskings- og utviklingsavdelinga

Dorthea Hagen Oma, smittenvernoverlege, Seksjon for pasienttryggleik