Høringssvar fra Jølster Kommune
Høyringssvar frå Jølster kommune om endring i Barnehageloven, Opplæringsloven, Friskoleloven og Forskrift om pedagogisk bemanning
Barnehagen si minimumsnorm for grunnbemanning:
Departementet foreslår eit minimumskrav til grunnbemanning med ein tilsett per tre barn under tre år og seks barn over tre år.
Jølster kommune støttar departementet sitt forslag om minimumsnorm for grunnbemanning. Jølster kommune har praktisert ei grunnbemanning lik den departementet gjer framlegg om, og vi ser det som viktig at det også her står noko om at barn tel 3 år frå august det året dei fyller tre år.
Når det blir gjeve rom for prosentvise stillingar for øvrige tilsette, og det er ei auke i tal barnehagelærarar vil dette svekke den faktiske tida kvar tilsett er i barnegruppene. Dette er nærmare utgreia i pkt. om pedagogisk bemanning under.
Forskrift om pedagogisk bemanning:
Departementet foreslår ein pedagogisk leiar/barehagelærar pr. 7 barn under 3 år og ein pedagogisk leiar/barnehagelærar per 14 barn over tre år.
Forslaget om auke i pedagogisk bemanning blir godt motteke i Jølster kommune. Det er sett av 413,3 millionar på årsbasis til auke av pedagognorma. Dette vil ikkje dekkje utfordringane kommunane står ovanfor og ordninga er derfor ikkje fullfinansiert. Statleg bindande normer må ha ei opptrapping i tråd med finansiering før kravet gjerast gjeldande. På bakgrunn av dette meiner Jølster kommune at ein ikkje kan lovfeste auka pedagognorm før ordninga er fullfinansiert.
Det er viktig å sjå pedagogisk bemanning og minimumsnorm for grunnbemanning i ein samanheng. Auken i pedagog skjer for kvar 14. plass og for resten av bemanninga aukar ein pr. 3-6-9 eller 12 osv. Vi tenkjer at ei pedagogbemanning på 12 barn over tre år – og 6 barn under tre år heng betre saman med minimumsnorma for grunnbemanning.
Det må kompenserast med stillingar/personale når 43% av personalet skal ha 4 timar plantid og 1 time til felles planlegging pr. veke. Barnehagelærarar har ei opphaldstid i avdeling på 32,5 timar pr. veke, ikkje 37, 5 slik det gjeld for fagarbeidarar og assistentar. For kvar pedagogisk leiar vil det vere ein reduksjon i minimumsnorma/tal tilsette pr. barn i avdelingane på 14,3 % stilling pr. veke for kvart årsverk. Dette saman med mogelegheit for prosentvise stillingar for øvrige tilsette, gjer at det ikkje ein gong i kjernetid (10 til 14) er ein tilsett pr. 3-6 barn.
Støttar at barn tel som under 3 år til august det året dei fyller 3 år.
Plikt til å samarbeide om barna sin overgang frå barne til skule og SFO:
Departementet slår fast at det lovfestast ei plikt for barnehageeigar og skuleeigarar til å samarbeide om barn sin overgang frå barnehage til skule og SFO.
Jølster kommune støttar at det lovfestast ei plikt for barnehage og skuleeigar til å samarbeide om barn sin overgang frå barnehage til skule og SFO.