Høringssvar fra Heidi Austrheim

Dato: 12.10.2017

Svartype: Med merknad

1. Eg støttar forslaget frå departemenetet i høve endringar i Barnehagelova § 2 a om plikt til å samarbeide med skole om overgangen fra barnehage til skole.

Eg støttar og forslaget i høve § 18 i Barnehagelova om barnehagens grunnbemanning. Det er veldig bra at det endeleg lovfestast ei bemanningsnorm i høve grunnbemanning i barnehagen. Me ser at fleire og fleire born nyttar større deler av opningstida så barnegruppene er store både morgon og ettermiddag. Det burde ha vore sett krav om grunnbemanning i heile opningstida.

Vidare støttar eg forslaget om endring i opplæringslova og friskolelova der kravet til samarbeid om overgangen mellom barnehage og skule vert lovfesta. 

2.  Eg støttar forslaget til pedagognorm og forskriftstekst.

Det er særs viktig at lovendringane og forskriftsendringane vert fylgt opp med økonomiske midlar til kommunane.