Høringssvar fra Samarbeidsutvalet Kolås barnehage
Svar på høyring, frå Samarbeidsutvalget i Kolås barnehage
Minimumskrav til grunnbemanning
Samarbeidsutvalet i Kolås er positive til minimumskrav til grunnbemanning. Større krav til kvalitet og dokumentasjon, større andel 1- og 2- åringar i barnehagen, meir administrativt arbeid for dei pedagogiske leiarane og lengre opningstider gjer at eit lovfesta krav til bemanning vert viktig for å sikra kvalitet og vidare utvikling i barnehagesektoren.
Samarbeidsutvalet i Kolås ynskjer at det skal satsast endå meir på dei yngste borna i barnehagen, som har andre behov i forhold til tryggleik og tilknytning enn dei eldre borna har. Forsking syner at trygg tilknytning dei første to leveåra, spelar inn på utviklinga til barnet gjennom heile oppveksten. Difor meiner samarbeidsutvalet i Kolås at for ettåringane bør væra 1:2, ein vaksen pr. to barn.
SU i Kolås meiner vidare at forholdet mellom vaksne og barn bør væra 1:3 for 2-3 åringane og 1:5 for 4-6 åringane. Utvalget viser til at det i mange år, heilt frå 1970-tallet, har vært ei vanleg oppfatting at det bør væra tre vaksne per ni barn under tre år og tre voksne per 18 barn over tre år. Utvalget meiner at eit slikt forholdstall synast å væra i god overeinsstemming med kva som vert definert som tilstrekkeleg grad av voksentettleik til å driva ei god pedagogisk verksemd. SU i Kolås meiner at i lys av barnehagen si utvikling sidan 1970- talet, som beskrive over, er det behov for ei tettare bemanningsnorm enn forslaget i høyringsutkastet. Grunna krava som vert stilte til barnehagane i dag, vil det i praksis væra ein svært liten del av barnehagekvardagen der heile bemanninga er på plass på avdeling i direkte arbeid med borna. Difor ynskjer vi ei bemanningsnorm som er betre enn den som er foreslått i høyringa
Skjerpa pedagognorm
SU i Kolås er positive til forslaget om skjerpa pedagognorm, med makimalt 7 barn under 3 år pr. pedagogiske leiar og maksimalt 14 barn over 3 år pr pedagogiske leiar. SU i Kolås meiner at det er viktig at det blir skjerpa krav til utdanning som barnehagelærer, men me meiner også at er riktig å påpeika at auka bemanninga er viktigare å prioritere enn riktig utdanning. Med dei siste åra si satsing på full barnehageplass og lengre opningstider, er dagens bemanning på eit minimum. Me må først ha på plass tilstrekkeleg med vaksne, som sikrar at alle borna får den kvaliteten dei har rett på i henhald til lov og rammeplan. Når dette er på plass, kan og bør kravet om riktig utdanning etterlevast.
Samarbeid barnehage- skule
SU i Kolås er positive til at dette vert lovfesta.
Dispensasjon frå krav om bemanning og utdanningskrav
SU har betenkeligheter med at det blir åpna for at det kan søkast dispensasjon.
Dette kan misbrukast av kommunar med dårleg økonomi og kan fort blir ein sovepute for kommunen når det gjeld å beviliga pengar til grunnbemanning og utdanningskrav.