Høringssvar fra Ullensvang herad Veisane barnehage
Høring om endringer i barnehageloven
Kvalitet i barnhehagen er eit viktig og nødvendig fokus!
Komeptanse er ein viktig faktor for å sikra alle barn eit pedagogisk innhald av god kvalitet. Det er difor viktig å auka pedagortettleiken. For at pedagogtettleiken skal medføra ein reel auke i den fagege ressursen for barna må tida til planlegging, kartlegging, vurdering og alle former for møtetid kompenserast. På den måten vil regjeringa gjera eit viktig grep for barna på individnivå, men og sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Personalressursen er den viktigaste ressursen for barna som er i ein alder der hjernen er enormt sensitiv for utvikling. Dette krev kompetente, trygge, gode, tilstadeverande målretta og sensitive pedagogar som har kapaitet og er tilstades for barna
Det er flott at det vert presisert at eit barn over norma skal utløysa ein ny fulltidsstilling som pedagoisk leiar. Her bør teksten formulerast slik at personalressursen vert auka, og at eigar er pliktig til å lysa ut etter fagpersonell. Eg ser at det kan vera fare for at eigar kan gi fagarbeidar/assistentar dispensasjon ut året. På den måten vert ikkje kvaliteten for barna sikra. I slike situasjonar bør grunnbemanninga aukas ved å tilsetta pedagogisk leiar.
Veldig bra at styrarstillinga ikkje skal inngå i utrekninga av grunnbemannina. Dette er eit viktig tiltak som kan gi rom for at styrar kan driva ein lærande organisasjon med god fagleg kvalitet.
Flott at overgang barnehage skule vert presisert. Det bør og stillast krav til oppstarten i barnehagen og overgangane innad i barnehagen.
Lykke til med arbeidet for kvalitet for barna her og no, men også sett i eit samfunnsperspektiv!