Høringssvar fra Vestnes kommune
Høyring - endring i barnehagelova
Følgjande høyringssvar blei samrøysta vedteke i Vestnes Formannskap 09.10.2017
1.
Vestnes formannskap er uroa over aukande statleg normering og standardkrav overfor kommunesektoren. Dette er grunna i at norske kommunar er ulike, og at det difor må leggast til rette for lokalt skjønn. Samstundes erkjenner formannskapet at det i enkelte tilfelle kan vere gode argument for nasjonale standardar og at dette kan gi større grad av like vilkår for innbyggarane i Norge. Vestnes formannskap meiner at statleg normering MÅ følgjast opp med statleg fullfinansiering. KS sine berekningar av kva som kan definerast som fullfinansiering må respekterast av departementet og leggast til grunn i statsbudsjettet.
2.
Vestnes formannskap føreset difor at skjerpa pedagog- og bemanningsnorm vert fullfinansiert ved tilsvarande styrking av frie midlar til kommunesektoren slik at andre tenesteområde ikkje må nedprioriterast. I alle høve burde slike omfattande nasjonale reformer innfasast over fleire år.
3.
Ei endring i barnehagelova bør opne for at kommunen kan gjere vedtak om normer og krav til bemanning i dei kommunale barnehagane utover lovfesta krav, og at desse også skal gjelde dei private barnehagane i kommunen.
4.
I berekninga av behovet for finansiering må det takast høgde for den avtalefesta planleggingstida for pedagogar i barnehage. Med kvart årsverk pedagog skal det avsetjast 4 t/v til planlegging. Denne tida må det kompenserast for slik at talet på vaksne saman med borna ikkje vert redusert.
5.
Ei lovfesta plikt til å utarbeide planar for overgang mellom barnehage og skule/SFO må leggast på kommunenivå, og kommunane må få heimel til å forplikte private barnehagar og skular.