Høringssvar fra Os kommune
Høyringssvar om endringar i barnehagelova frå Os kommune
Svartype:
Med merknad
Høyringssvar om endringar i barnehagelova:
Os kommune støttar departementet sitt forslag om lovfesting av eit minimumskrav til grunnbemanning frå 1.august 2018 under føresetnad av statleg fullfinansiering med verknad frå august 2018. Os kommune støttar KS sine innspel til høyringa og vil løfte fram følgjande problemstilling:
- Dersom det vert innført statlege normer for pedagog vil mange assistentårsverk bli erstatta med barnehagelærarårsverk, og det vil påverke den faktiske tida dei tilsette utfører arbeid med barna. Arbeidsavtalen for barnehagelærarar som er i dag, vil med auka andel barnehagelærarar betyr færre tilsette som til ei kvar tid er saman med barn i leik, læring og omsorgssituasjonar. I praksis vil dette bety at ein avdeling med 18 store barn som i dag er bemanna med 1 barnehagelærar og to fagarbeidarar/assistentar, enten må redusera tal barn til 14 barn eller erstatte ein fagarbeider/assistent med ein barnehagelærar. Dersom ein veljer det siste alternativet vert det til tider færre tilsette med barna på grunn av at barnehagelærararne skal ha 4 timar kvar med ubunden tid per veke. Det vil sei at det går tilsette vekk frå avdeling i 8 timar i veka i staden for 4 timar. Os kommune har ikkje økonomisk handlingsrom til å redusera tal barn per avdeling. På bakgrunn av dette må kommunen i tilfelle tilsetje ein assistent/fagarbeidar i tillegg for å oppretthalda tal barn per avdeling, og oppretthalde like stor vaksentettleik som i dag. Dette fører til auka kostnader som igjen fører til at kommunen må betale ut meir i offentleg tilskot til dei private barnehagane. Dette fører igjen til at kommunen får mindre handlingsrom og må nedprioritera andre tenesteområder i kommunen for å innfri statlege bemanningsnormer.
- Dersom statleg norm for grunnbemanning og pedagognorm vert innført må kommunen som barnehagemynde få heimel til å pålegge private barnehageeigarar å følgje dei normer som kan bli vedtatt lokalt og som kan gå ut over minimumsnorm.
- Lovfesting av grunnbemanning/bemanningsnorm kan resultere i at barnehagane reduserer i barnetallet i staden for å auke bemanninga. Dette vil kunne gje færre barnehageplassar og gje kommunen utfordringar i samband med å oppfylle kravet om rett til barnehageplass.
- Høyringsforslaget vil medføre meirutgifter utover det auka rammetilskotet, både når det gjeld bemanningsnorm og pedagognorm, ettersom både grunnbemanning og pedagogisk bemanning må aukast for å oppretthalde tal barn per avdeling som i dag.
- Departementet foreslår dispensasjonsadgang frå kravet til grunnbemanning når særlege hensyn tilseier det. Os kommune meiner at det er viktig med tydelege retningsliner for dispensasjonsadgangen for å unngå at barnehagar utnytter muligheten for å søkje dispensasjon ut frå økonomiske motiv. Os kommue vil særleg gje støtte til forslaget om at barnehageeigar i slike tilfeller skal leggje ved uttale frå barnehagen sitt samarbeidsutvalg når det vert søkt om dispensasjon. Utvida dispensasjonsadgang vil auke sakshandsaminga for barnehagemynde. Det er uheldig at barnehagemynde ikkje får nye virkemiddel for å sjå til at barnehagane handhever normene.
- Os kommune er positiv til at det vert skuleeigar si plikt til å koordinera samarbeidet mellom barnehage og skule når det gjeld å sikra gode overganger for barn. Vi meiner at kommunen som lokal barnehagemynde må få lovheimel til å forplikte barnehage- og skuleeigar til å delta i rutinar og planar som er vedtatt for å kooridnere overgangar.