Høringssvar fra Flora kommune Levekårsutvalet

Høyringsuttale - Framlegg til endring i barnehagelova, opplæringslova, friskoleloven og forskrift om pedagogisk bemanning

Dato: 09.10.2017

Svartype: Med merknad

Saksnr

Utvalg

Type

Dato

038/17

Levekårsutvalet

PS

19.09.2017

Levekårsutvalet - 038/17 LKUV - handsaming:

Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke.

 

 

LKUV - vedtak:

Levekårsutvalet i Flora kommune gjev slik høyringsuttale:

Barnehagen si bemanning og personalet sin samla kompetanse er viktig for eit godt barnehagetilbod for alle barn. Ei nasjonal fastsett minstenorm for grunnbemanning og pedagogbemanning er viktige tiltak som vil bidra til at barn får eit trygt og likeverdig barnehagetilbod uavhengig av kva for barnehage barnet går, kven barnehageeigaren er eller kva for kommune barnet bur i.

Vi støttar derfor lovforlaget og forskriftsendringa om minimumskrav til grunnbemanning og krav til pedagogisk bemanning slik det er presentert i høyringsnotatet.

Ein trygg og god overgang frå barnehage til skule er viktig for alle barn. Vi støttar derfor ei lovfesting av samarbeidsplikt mellom skule og barnehage i barnehagelova, opplæringslova og friskulelova.

Auka kostnadar som kommunane får som følgje av lov- og forskriftsendringa, må følgjast opp med auka rammetilskot til kommunane gjennom inntektssystemet.