Høringssvar fra Sveio kommune
høringssvar - endringar i barnehagelova
Lovfesta minimunskrav til grunnbemanning jf. Barnehagelova
Framlegg til uttale:
Sveio kommune sluttar seg til framlegget til lovfesta minimumskrav til grunnbemanning, men det fordrar at dette vert kompensert i sentrale overføringar. Ei innføring av statleg norm for bemanning vil binda fleire av midlane kommunen mottek frå staten, noko Sveio kommune ikkje ser som hensiktsmessig.
Skjerpa krav til pedagogisk bemanning jf. Forskrift om pedagogisk bemanning
Framlegg til uttale:
Sveio kommune sluttar seg til framlegget, men visse føresetnader må vere til stades:
- Kommunane vil få auka utgifter til fleire pedagogar. Kommunane må vera sikra at dette vert kompensert frå sentrale midlar.
- Det må vere ein overgongsperiode på inntil to år. Dette vil sikra at kommunen får nok pedagogar i stillingane og at assistentar som evt. vert overtallinge, får anna arbeid.
Ei skjerping av pedagognorma vil binda fleire av midlane kommunen mottek frå staten.
Lovfesta plikt for barnehageeigar og skuleeigar å samarbeida om barnas overgang frå barnehage til skule og sfo jf. Barnehagelova, opplæringslova og friskolelova
Framlegg til uttale:
Sveio kommune sluttar seg til framlegget til lovfesta plikt for barnehageeigar og skuleeigar om å samarbeida om barnas overgang frå barnehage til skule og SFO