Høringssvar fra Utdanningsforbundet Voss

Fleire barnehagelærarar og nok tilsette i barnehagen

Dato: 28.09.2017

Svartype: Med merknad

«Fleire barnehagelærar og nok tilsette i barnehagen»

Høyringssvar frå lokallaget til Utdanningsforbundet Voss:

 

  1. Ny barnehagelærarnorm   
  2. Forslaget frå Kunnskapsdepartementet er 1 pedagogisk leiar per 7 born under 3 år og 1 pedagogisk leiar per 14 born over 3 år.
  3. Utdanningsforbundet Voss meiner at UDF må vere offensive i sine krav til bemanning og pedagogar. Dette må sjåast i samanheng med krava i den nye rammeplanen, vår kunnskap om born og tilknyting og det at det er mange svært små born i barnehagen no.
  4. UDF Voss meiner at krava må vere: minimum 1 pedagogisk leiar per 5 born under 3 år og minimum 1 pedagogisk leiar per 10 born over 3 år.
  5. I same høyringa er det forslag til bemanningsnorm:  
  6. Forslaget frå Kunnskapsdepartementet er 1 tilsett per 3 born under 3 år og 1 tilsett per 6 born over 3 år.
  7. UDF Voss meiner at krava må vere: minimum 1 tilsett per 2,5 born under 3 år og minimum 1 tilsett per 5 born over 3 år
  8. I tillegg meiner UDF Voss at det må koma ei norm som seier at born under 1 år tel for 3 og ikkje for 2 som i dag.
  9. Det bør samstundes komme ei norm med grenser på kor store barnegruppene kan vere: UDF Voss meiner at småbornsgruppene ikkje må vere større enn 10 born. Storbornsgruppene må ikkje vere større enn 20 born.
  10. Ved å ha dette talet med småborn og storborn per tilsett kan det forsvarast at opningstida til barnehagen ikkje har noko å seie for bemanninga.
  11. Dersom talet på born per tilsett vert større enn det UDF Voss foreslår meiner UDF Voss at opningstida må sjåast på, og bemanninga må utvidast i barnehagar med lengre opningstid enn 9 timar.
  12. Dersom talet på born per tilsett vert større enn det UDF Voss foreslår, meiner UDF Voss at det alltid må kome inn ny bemanning i planleggingstida til pedagogane.
  13. Utifrå UDF Voss sitt forslag kan barnegruppene i barnehagen sjå slik ut:
  14. På ei småbornsgruppe (1-3 år) med 10 born vert det 4 tilsette der to av dei er pedagogar.På ei storbornsgruppe (3-5 år) med 20 born vert det 4 tilsette der to av dei er pedagogar.
  15. På ei småbornsgruppe der 4 av borna er under 1 år og 4 borna er mellom 1-3 år vert det 4 tilsette der to er pedagogar, eventuelt med 4 born under 1 år og 6 born mellom 1-3 år vert det 5 tilsette der 2 er pedagogar.
  16. For UDF Voss Aud Irene Lavik