Høringssvar fra Fjell kommune
Administrativ høyringsuttale frå Fjell kommune.
Grunna tidsnaud i høve politiske møtetidspunkt, vil Fjell kommune med dette gje ein administrativ uttale.
Grunnbemanning:
Det er positivt at det no kjem eit talfesta krav til grunnbemanning. Tidlegare krav om "tilstrekkeleg" bemanning har ført til ulikskap båda innanfor kommunar og mellom kommunar. Det å sette eit minimumskrav bidrar til å sikre eit likeverdig tilbod for alle barn. Det er også bra at det no blir presisert i lova kva tid barn skal reknast som 3 år.
Skjerpa forskriftskrav til pedagogisk bemanning:
Det tidlegare intervallet om krav til ein pedagogisk leiar per 7-9 barn og ein pedagogisk leiar per 14-18 barn over 3 år, har in mange tilfelle fungert som ein maksimumsnorm. Det er derfor bra at det no vert satt eit konkret tal. Samstundes kan kravet om ein pedagogisk leiar per 7 barn føre til auka småbarnsgrupper.
Vi er uroa over konsekvensar i form av kapasitet når det gjeld tal barnehageplassar.Auka pedagogdekning kan bli ei utfordring sett opp mot rett til plantid som pedagogar har per dags dato.
Økonomiske konsekvensar;
Vi viser til KS si høyringsuttale, og føreset at bemanningsnorma er fullfinansiert frå staten si side.
Plikt for barnehage- og skuleeigar til å samarbeide om overgang frå barnehage- skule/sfo:
Vi støtter også KS sin høyringsuttale om at ein eventuell lovfesta plikt til å utarbeide plan for ovregang mellom barnehage og skule og SFO må leggjast på kommunenivå, samt at kommunane må få lovheimeltil å forplikte barnehage- og skuleeigarar til å delta i dei rutinar og planar som er vedteke lokalt for godt koordinerte overganger til beste for alle barn (punkt 7 og 8 )