Høringssvar fra Forsand kommune
Høyring - Forslag til endringar i barnehagelova mv.
Høyring - Forslag til endringar i barnehagelova mv.
Høyringssvar frå Forsand kommune
Lokalt handlingsrom
Forsand kommune meiner prinsipielt at det lokale sjølvstyret må vernast mot for sterk statleg styring. Kommunane sitt handlingsrom til lokale prioriteringar vert svekka kvar gong staten styrer kommunane sine prioriteringar. Når staten grip inn i kommunane sitt handlingsrom må det vera ein føresetnad at staten tek alle kostnadar med dette. Statlege bindande bemanningsnormer reduserer det lokale handlingsrommet og bind kommunen sine prioriteringar til enkelte tenesteområde. Dette vil, dersom det ikkje vert fullfinansiert av staten, gå ut over andre tilbod og tenester som kommunen ut frå lokale prioriteringar meiner er viktig å behalde.
Norm for bemanning og personalet sin kompetanse
Både bemanningstetthet og personalet sin kompetanse er faktorar som er relevante for kvaliteten på barnehagetilbodet. Isolert frå det økonomiske perspektivet vil lovforslaget gi eit kvalitativt betre og jamnare barnehagetilbod.
Normforslaga er underfinansierte
I dei administrative og økonomiske konsekvensane som er presentert i høyringsnotatet nyttar kunnskapsdepartementet berekningar på nasjonalt nivå. Samstundes held staten i ulike samanhengar fram at kommunane må finansiere tenestene. Forsand kommune oppfyller ikkje dei normene som det vert gjort framlegg om i lovforslaget. Kommunen vil få ein vesentleg meirkostnad som ikkje er finansiert, og vil derfor i større grad verte bunden av statlege pålegg. Det vil avgrensa kommunen sitt handlingsrom og lokale prioriteringar. Mange kommunar har som Forsand gjort berekningar av kva økonomiske konsekvensane normforslaga medfører. Det framgår her klart at kommunane vil få meirkostnader som ikkje er finansierte. Ein føresetnad for denne type statlege pålegg må vera fullfinansiering.
Forsand kommune sine tal
Forsand kommune har i dag ei bemanningsnorm med 1:3,5 for barn under 3 år, og 1:7 for barn over 3 år. Dersom ein legg til grunn norma i lovforslaget vil det medføre at kommunen må auke bemanninga med nær eitt årsverk. Samstundes vil krave om større tetteik av førskolelærarar gi kommunen ein ekstra kostnad slik at samla kostnadsauke bli om lag 0,8 mill.
I kommunaldepartementet sin vegleiar om statleg styring av kommunar og fylkeskommunar heiter det at «kostnadskrevende normer binder ressurser som alternativt kunne blitt brukt til andre tiltak for å heve kvaliteten på samme område. (..) bemanningsnormer på ett område kan få konsekvenser for kommunens tjenester og ressursbruk på andre områder.» Vegleiaren seier vidare at «kommunesektoren skal kompenseres fullt ut for anslåtte merutgifter som følge av nye oppgaver og endringer i regelverk».
Forsand kommune vurderer at desse prinsippa ikkje er ivaretekne i høyringsforslaget frå Kunnskapsdepartementet.
Plikt til å samarbeide om barns overgang frå barnehage til skule og SFO.
Ei eventuell lovfesta plikt til å utarbeide planar for overgang mellom barnehage og skule og SFO bør leggjast på kommunenivå. Det er lokaldemokratiet sitt ansvar å sikre ein heilskapleg og god oppvekst, og eit likeverdig utdanningsløp for alle barna i kommunen. Kommunen må difor få heimel til å planleggje for gode overgangar mellom barnehage og skule/SFO i lov om barnehagar, opplæringslova og friskulelova.
Ved å legge ansvaret for å sikre gode overgangar på kommunenivå vil det lokale handlingsrommet bli ivareteke og kommunane kan sjølv ut frå lokale tilhøve bestemme korleis arbeidet skal leiast og organiserast. I lov om barnehagar, opplæringslova og friskulelova bør det formulerast ei plikt til å bidra til utarbeiding og gjennomføring av slike planar.
Konklusjon
Dersom forslaget fullt ut vert finansiert av staten for den einskild kommune er Forsand kommune positive til endringa.