Høringssvar fra Leiketun barnehage

Høring om endringer i barnehageloven

Dato: 12.10.2017

Svartype: Med merknad

Hørinssvar frå Leiketun barnehage

1. Leiketun barnehage støttar depatementet sitt lovforslag om eit minimumskrav til grunnbemanning(ei Norm) i barnehagen.

2. Leiketun barnehage støttar forslaget om ei pedagognorm tilsvarande 50% del av barnehagelærarar. Ut frå utdanningskapasiteten bør dette
allereie iverksettast frå august 2018 under føresetnad om fullfinasiering for alle barnehagane.

3. Leiketun barnehage støttar forslaget om ei plikt for skuleeigar og barnehageeigar til å samarbeide om overgangen frå barnehage til SFO og skule.