Høringssvar fra Kinsarvik Barnehage

Merknader til endringar i barnehaegloven, i høve auka pedagogtettleik.

Dato: 04.09.2017

Svartype: Med merknad

Det er veldig bra det vert fleire pedagogar i barnehagane, og fleire på avdelinga. Me har i dag to pedagogar på to av avdelingane, og utfordringa vert då når dei skal ta ut plantid. Jo fleire pedagogar jo meir personalressurs går vekk frå borna. Dette MÅ difor aukast i grunnbemanninga dersom det skal vera forsvarleg at pedagogane skal kunne ta ut plantida si.