Høringssvar fra Fylkesmannen i Rogaland
Høyringsuttale - Forslag til endring i barnehagelova, opplæringslova, friskolelova og forskrift om pedagogisk bemanning
Høyringsuttale - Forslag til endring i barnehagelova, opplæringslova, friskolelova og forskrift om pedagogisk bemanning
Fylkesmannen i Rogaland viser til høyringsbrev og høyringsnotat frå Kunnskapsdepartementet. Det er brei semje om at både kompetansen og bemanninga i barnehagen er avgjerande for kvaliteten i barnehagetilbodet, og det er derfor på høg tid at regelverket blir skjerpa. Fylkesmannen i Rogaland støttar derfor i all hovudsak framlegga frå departementet, men med merknader som følgjer.
Minimumskrav til grunnbemanning
Fylkesmannen i Rogaland støttar innføring av eit minimumskrav til grunnbemanning, men er kritisk til kravet på minimum ein tilsett per tre barn under tre år og minimum ein tilsett per seks barn over tre år. Vi meiner kravet må skjerpast enno meir, med bakgrunn i status i sektoren per i dag. Det går fram av høyringsnotatet at kommunale barnehagar i 2016 i snitt hadde ein tilsett per 5,92 barn, medan tilsvarande tal for private barnehagar var 6,17. Halvparten av kommunane i Rogaland har eit lågare tal barn per vaksen i sine barnehagar enn det nye kravet legg opp til.
Erfaringa vår frå tilsyn og annan kontakt med sektoren er at barnehagane i stor grad treng betre grunnbemanning, m.a. fordi dei er svært sårbare ved sjukdom og anna fråvær blant personalet. Dersom lovkravet er for svakt, kan det resultere i at dei kommunale barnehagane vel å redusere bemanninga for mellom anna å kompensere for kostnadene ved ei skjerpa pedagognorm. Redusert bemanning i kommunale barnehagar vil på sikt også redusere kommunen sine utgifter til tilskott til private barnehagar. At bemanningsnorma skal gjelde for heile barnehagen og at ein skal leggje ei prosentvis tilnærming til grunn for berekninga, forsterkar etter vårt syn argumentet om at forslaget til minimumskrav er for svakt.
Det er gitt ein merknad i høyringa om at barnehageeigar må sørgje for at grunnbemanninga er tilstrekkeleg til at barnehagen kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd gjennom heile barnehagedagen og ved sjukdom. Sidan utviklinga går i retning av høgare tal på eittåringar i barnehage og også større utnytting av heile opningstida, er det etter vårt syn behov for å lovregulere dette kravet tydeleg.
Fylkesmannen i Rogaland støttar ikkje forslaget om høve til dispensasjon frå kravet til grunnbemanning. Vi ser ikkje behovet for dette unntaket, og det er uklart kva som skal ligge i vilkåret særlege omsyn her. Dersom å oppfylle dette grunnleggjande kravet er kritisk for vidare drift, bør kommunen heller kunne vurdere tilsyn og eventuell stenging. Målet med reguleringa om eit likeverdig barnehagetilbod bør vere avgjerande.
Skjerpa forskriftskrav til pedagogisk bemanning
Fylkesmannen i Rogaland støttar forslaget. Styrka pedagogisk bemanning er avgjerande for kvaliteten i barnehagane. Det er etter vår erfaring ikkje formålstenleg å bruke eit intervall med ei nedre grense for talet på barn per pedagogisk leiar.
Vi støttar også forslaget om å oppretthalde ordninga med høve til midlertidig dispensasjon frå utdanningskravet. Høve til dispensasjon frå utdanningskravet vil gi nødvendig handlingsrom til å kvalifisere eigne tilsette der det er vanskeleg å rekruttere barnehagelærarar. Vi ser ikkje behov for å vidareføre høve til dispensasjon frå norma. Dette unntaket har vore lite i bruk tidlegare og vi ser ikkje behov for å vidareføre forskriftsregelen.
Vi støttar departementet sitt forslag om å lovfeste unntaket som skal gjelde barnehagar der fleirtalet av barna har ei opphaldstid på under seks timar. Her skulle ein fråvike utgangspunktet om å berekne talet på fysiske barn og i staden berekne talet på heile plassar i sum. I praksis gjeld dette få barnehagar, men det angir ei klar grense for når det er relevant å berekne på denne måten.
Plikt til å samarbeide om overgang frå barnehage til skole og SFO
Fylkesmannen i Rogaland støttar forslaget om å lovfeste ei gjensidig plikt for barnehage- og skoleeigarar til å samarbeide om overgang frå barnehage til SDO og skole i barnehagelova, opplæringslova og friskolelova. Vi støtter også forslaget om at skoleeigar skal ha det overordna ansvaret for å ta initiativ og til å utarbeide ein plan for trygg og god overgang.