Høringssvar fra Klepp kommune
Merkander til "minimumskrav til grunnbemanning", "skjerpet forskriftskrav til pedagogisk bemanning" og "plikt til å samarbeide om barnas overgang til skole og SFO"
Merknader til minimumskrav til grunnbemanning
Klepp kommune har allereie grunnbemanning som er i samsvar med høyringsforslaget. Det er likevel viktig å ha krav om kompetansen til heile personalet. Målet må vera at kompetansen til personalet utanom barnehagelærarane er minimum eit relevant fagbrev. Klepp kommune vil her syna til krava i ny rammeplan, og som det og står i høyringsforslaget "sikre at barna møter kompetente og engasjerte voksne"
Merknader til skjerpet forskriftskrav til pedagogisk bemanning
Klepp kommune vil på ny syna til krava til personalet som kjem fram i ny rammeplanen, og er positive til at pedagognorma blir skjerpa. Dette forslaget må vera eit delmål mot ei pedagognorm på minimum 50%, dette som ein konsekvens av ny rammeplan.
Merkander til plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehge til skole og SFO.
Klepp kommune ser positivt på at plikta til å samarbeide om barna sin overgang til skule og SFO, blir lovfesta i både barnehgelova, opplæringslova og friskolelova.
Innhaldet i høyringa frå Klepp kommune var ei orienteringsak i Hovudutval for skule og barnehage 24.08.17. Medlemma i hovudutvalet gav då innspel til det endelege svaret.