Høringssvar fra Osterøy kommune
Forslag til endringar i barnehagelova mv
Svartype:
Med merknad
- Osterøy kommune støttar forslaget om å skjerpe og auke pedagognormen i barnehagane- ein pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og ein pedagogisk leiar per 14 barn vil gje betre kvalitet i barnehagane og styrke det pedagogiske miljøet. Osterøy kommune vil peike på at det er svært viktig at dette blir kompensert frå staten der kommunen får meirutgifter som fylgje av dette.
- Osterøy kommune støttar forslaget om bemanningsnorm i barnehagane – det er også her viktig at staten kompenserar kommunane for auke i utgifter.
- Osterøy kommune støttar departementet sitt forslag om å gje kommunane høve til å gje dispensasjon frå kravet om grunnbemanning.
- Osterøy kommune støttar eit forpliktande samarbeid mellom barnehage og skule – og at det vert lagt inn i barnehagelova , opplæringslova og friskulelova.