Høringssvar fra Lindås kommune
Forslag til endringer i barnehageloven, opplæringsloven, friskoleloven.............
Høyringssvar: Forslag til endringar i barnehagelova, opplæringslova, friskulelova og forskrift om pedagogisk bemanning
Refleksjon i høve til minimumskrav grunnbemanning
Ei bemanningsnorm i barnehage er positivt! Lindås hadde tidlegare vedtektfesta den norma som no er føreslegen. Ei norm vil gje like tilhøve for alle barnehagar, både private og kommunale.
Norm er positivt, men størrelsen på den kan diskuterast. Store endringar i barnehage dei siste åra, utvida opningstider, småbarn inn i barnehage, stadig nye krav. Tidleg innsats……………
Gjennom stadig større fokus på barnehage, er krava auka, og det er bra! Forventningane og samfunnsoppdraget er stadig veksande. Skal barnehagen vere i stand til å løyse dei mange og viktige oppgåvene dei har fått, må grunnbemanning og kompetanse ytterlegare aukast.
Utfordrande om opningstidene blir auka utan at tal tilsette vert justert tilsvarande. Barna i barnehage 10 timar, dei tilsette 7,5 – 8 timar…………………..
Refleksjon i høve til forskriftskrava til pedagogisk bemanning
Positivt med skjerpa forskriftskrav til pedagogisk bemanning. Kravet til auka kompetanse i barnehage samsvarar med krav og forventningar til arbeidet som skal utførast i barnehagen jfr OECD.
Viktig å vere obs på at auka pedagognorm fører til meir planleggingstid. Såleis viktig å sjå på den totale bemanningssituasjonen i kvar barnehage.
Refleksjon i høve til samarbeid om overgang frå barnehage til skule og SFO
Positivt med tydeleg regelverk i høve til overgangsordningar, gjensidig forpliktande!! I dag er det ikkje regelverk som regulerer overgang mellom barnehage - skule –SFO. Rammeplan for barnehage pålegg barnehagen å sørge for gode overgangar mellom barnehage og skule. Ikkje tilsvarande plikt for skulen.
I høyringa foreslår departementet at skuleeigar skal samordne samarbeidet og lage plan for barns overgang. Det er bra! Dette vil sikre alle barn gode overgangar, uavhengig av kva barnehage dei går i, kva skule dei skal til eller kva kommune dei bur i.
- Økonomiske konsekvensar
Lovframlegget vil føre til auka utgifter. Kommunane må vere sikra at rammeoverføringar frå staten dekker desse kostnadane.